Handlevogn
Block

For eit liv i det fri

Helle, eit familieselskap med fokus på dei lange linjene, er på mange måtar så langt frå det hurtige livet i storbyen som ein kan komme. Vi trur sterkt på at det tar tid å skape ting som varer, at gode ting er verdt å vente på, og at det er betre å leve nært naturen enn langt vekke frå den.

Kniven har vore eitt av menneska sine viktigaste verktøy i fleire tusen år, og det er framleis slik i store deler av verda. Dette er spesielt synleg om du reiser ut av byen og inn i naturen.

Fabrikken vår i Holmedal er plassert slik at vi stadig blir minna på dette. Du kan gå ut av fabrikkutsalet vårt og hoppe rett i fjorden. Om du går opp på taket så ser du fjelltoppar i to av fire himmelretningar, og du kan nå dei innan ein times gange. Mange av handverkarane som jobbar hos Helle går heim igjen og tar seg av dyr som lev store deler av året på beite i denne naturen. Slik blir vi stadig minna på at det er vårt ansvar å forvalte naturen, og ikkje å bruke og skade den. Det er difor ikkje ein floskel for oss når vi seier at naturen er vår inspirasjon. Vi lev i den kvar dag, og det er linjene frå dei bratte fjella og dei djupe fjordane som inspirerer designa våre. Både namn, fargeval og andre estetiske element er som regel insprirert av noko vi har sett eller opplevd ute i nær eller fjern natur.

Det er også her vi testar våre produkt. Vi kan stolt seie at vi ikkje har solgt ein einaste kniv som vi ikkje har testa i fjella over Holmedal først. Lagar vi ein ny kniv for våre hender, så tar vi den med når vi har ungane våre med på tur. Lagar vi ein jaktkniv, så sender vi den med naboen på jakt. Lagar vi ein kokkekniv, lar vi lokale kokkar teste den ut både ute som inne. Også her er tid essensielt - vi vil heller bruke lang tid på å utvikle noko bra enn kort tid på å utvikle noko dårleg. Det er betre å teste ting skikkeleg først. 

Dette betyr ikkje at ein må vere i Holmedal verken for å lage fine knivar eller setje pris på naturen. Plasseringa vår i seg sjølv er irrelevant. Vi trur sterkt at ein må oppsøke nye plassar for å finne inspirasjon. Det er difor vi samarbeider aktivt med internasjonale designarar, og reiser internasjonalt for å treffe nye personar og sjå nye stader. Det som er viktig er at du søker eit liv i det fri som føles riktig for deg- og for naturen. Det er det vi lagar knivane og dei andre produkta våre for.