Handlevogn
Morgon – 2021 Limited Edition

Morgon – 2021 Limited Edition

1.399,00 kr

Har du opplevd synet av det første dagslyset som skin gjennom trea i skogen på ein solskinnsdag? Om du gjer det, så ser du kanskje kva kjensler vår "Limited Edition" kniv for 2021 forsøker å fange i ein kniv. 

Morgon følgjer i fotspora til mange av Helle sine klassiske design med samansett skaft og eit blad med fine linjer og høgpolert finish. Samstundes skil den seg frå tidlegare design i at kniven dyrkar dei mørke fargane i skaftet, og berre bryt det med gulfarga lær som signaliserer at daggryet er på veg. 

Kniven er ikkje berre noko samleobjekt - som alltid har vi designa ein kniv som skal vere ein fullt funksjonell kniv som ser like bra ut med patina etter tre års bruk som den gjer på peishylla i ny tilstand. Vi er difor sikre på at denne kniven kjem til å bli eit ettertrakta samleobjekt i året som kjem, både i ny og brukt tilstand. 

Kniven blir levert i ei solid slire med dobbel søm som matchar det gule i skaftet. Framsida er prega med eit bilete av "lungene til jorda".  

*** Helle lagar kvart år ein modell som berre blir solgt i eit avgrensa opplag dette året. Morgon er modellen for 2021 ***

********

Detaljar Morgon
Stål Laminert rustfritt trelagsstål - Helle
Bladtjukkelse 3 mm
Bladlengde 105 mm
Konstruksjon Stikktange
Skaftmateriale Mørk eik, farga lær og framplate i rustfritt stål
Lengde handtak 105 mm
Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
Designer Helle
Designår 2020

 

Customer Reviews

Based on 4 reviews
100%
(4)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
A
Anonymous

Beautiful, robust and high-quality. Used it one two trips so far and very happy

A
Andreas Sollie
Et smykke av en kniv.

Nydelig kniv som jeg dessverre ikke får testet før om ca 10 år da sønnen min skal få den ubrukt når han blir en ung mann. Så den er bare besiktiget og lagt til lagring i en mørk skuff😉 men som det er nevnt noen steder er ikke skaftet egnet for store kraftige hender. Ellers ser den ut som et lite mesterverk og ligger utrolig godt i min hånd med hanskestørrelse på 10/11. Takk til Helle for atter en nydelig kniv😊

H
Harald Terje Nerland

Eksellent!

A
Anonymous

Love it!!