Handlevogn

Algonquin

1.249,00 kr

Algonquin er ein liten, vakker og praktisk kniv. Helle ynskjer og lage knivar som både ser bra ut, og som er eit praktisk verkty som varar i generasjonar. Algonquin er eit godt døme på dette. Med lærreim og belteoppheng kan du ha kniven anten rundt halsen eller på beltet.

Algonquin er ein kniv med tradisjonelle norske element med ein moderne og internasjonal vri. Kniven er designa av den canadiske eventyraren og fotografen Laura Bombier, og hentar sitt namn og inspirasjon frå området der Laura vaks opp. 

Skaftet er sett saman av mørk eik, masurbjørk og raudfarga lær. Skaftet er akkurat stort nok til å passe til eit trefingergrep for store hender og ei full hand for små.

Bladet er laga av Helle sitt trelagsstål og har klassisk skandinavisk sliping, noko som er ideelt for mellom anna trearbeid og andre gjeremål medan ein er på tur. 

Kniven kjem med ei slire i ekte vegetabilsk lær, med både belteoppheng og reim til å ha den rundt halsen som eit smykke.

****

Detaljar Algonquin
Vekt 60 g
Stål Laminert rustfritt trelagsstål - Helle
Bladtjukkelse 2,8 mm
Bladlengde 69 mm
Konstruksjon Stikktange
Skaftmateriale Mørk eik, masurbjørk, farga lær
Lengde handtak 92mm
Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
Designer Helle
Designår 2014


Customer Reviews

No reviews yet
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)