Handlevogn

Temagami 14C28N - Limited Edition - Design by Les Stroud

1.499,00 kr

Limited Edition Temagami 14C28N feirar eit 10 år langt samarbeid mellom Helle Knives og Les Stroud.

Kniven er eit moderne design som flytta Helle langt framover på friluftsfronten. Ein Temagami-kniv kan takle dei fleste utfordringar som ein kniv skal takle. Dette er ein kniv som er utvikla av ein av dei fremste i verda på overleving i tett samarbeid med eitt av dei fremste miljøa på knivproduksjon i naturlege materiale i verda.

Denne LTD-versjonen kjem med eit Sandvik 14C28N rustfritt stålblad, med ein klassisk skandinavisk slip og sylskarp rett ut av øskja. Spesielt å merke seg med denne versjonen er også den 90 graders skarpe ryggen. Denne funksjonen kan brukast til mange oppgåver – til dømes for bruk med tennstål for å få fyr på bålet.

Temagami er laga med ein halvfull-tange som gir eit godt grep utan at du må halde i metall, noko som er ein fordel i kalde omgjevnader. Samstundes er det nok metall i konstruksjonen til at ein er sikker på at dette er ein kniv som tåler ein del tøff bruk. Skaftet er laga for store hender, med ein solid mage for godt grep og ein solid fingerstoppar som beskyttar brukaren. 

Kniven kjem i ei klassisk djuptsittande slire med dobbel saum og belteoppheng.

*****

Detaljar Temagami 14C28N
Vekt 155 g
Stål
Sandvik 14C28N
Bladtjukkelse
3,0 mm
Bladlengde 110 mm
Konstruksjon
Fulltange (full lengde og ¾ bredde)
Skaftmateriale
Masurbjørk
Lengde handtak 120 mm
Sliremateriale Ekte lær
Designer Les Stroud
Designår 2011 - denne versjonen LTD 2021

 

*****

Temagami representerer starten på samarbeidet med Les Stroud (AKA Survivorman). Et samarbeid som har utvikla seg gjennom åra og blitt et nært vennskap, mykje takka vere vår felles kjærleik til naturen og livet ute i det fri.

Designet hentar inspirasjon frå dei klassiske Helle-designa og flytter det fram til ein ny æra i Helle-designfilosofien, med fulltangekonstruksjon i produksjonslinja.

I løpet av det 10 år lange samarbeidet har Helle også fullført to andre knivprosjekt saman med Les Stroud: Mândra og Wabakimi.

Customer Reviews

No reviews yet
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)