Temagami CA

301

1.599,00 kr
/

  • Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
  • Kun 2 stk på lager

Temagami CA var den første kniven Helle utvikla saman med den internasjonalt anerkjente overlevelseseksperten Les Stroud. Modellen starta eit nytt eventyr for Helle med stort fokus på å kombinere tradisjonelle skandinaviske knivtrekk med meir robuste design.

Kniven er slik eit moderne design som flytta Helle langt framover på friluftsfronten. Ein Temagami-kniv kan takle dei fleste utfordringar som ein kniv skal takle. Dette er ein kniv som er utvikla av ein av dei fremste i verda på overleving i tett samarbeid med eitt av dei fremste miljøa på knivproduksjon i naturlege materiale i verda.

Temagami er laga med ein halvfull-tange som gir eit godt grep utan at du må halde i metall, noko som er ein fordel i kalde omgjevnader. Samstundes er det nok metall i konstruksjonen til at ein er sikker på at dette er ein kniv som tåler ein del tøff bruk. Skaftet er laga for store hender. 

Skaftet inkorporerer både ein solid mage som gir godt grep og ein solid fingerstoppar som beskyttar brukaren. 

 

Bladet er stort og har klassisk skandinavisk slip som gir mykje kraft bak kvart drag med kniven. Temagami er den einaste kniven som vi lagar i begge våre laminerte stål. Temagami CA er varianten i karbonstål.

Kniven kjem i ei klassisk djuptsittande slire med dobbel søm og belteoppheng.

*********

Detaljar Temagami
Vekt 155 g
Stål Laminert karbonstål - Helle
Bladtjukkelse 3,0 mm
Bladlengde 110 mm
Konstruksjon Fulltange
Skaftmateriale Masurbjørk
Lengde handtak 120 mm
Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
Designer Les Stroud
Designår 2011

Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med vedlikehaldsduk og informasjonshefte.

Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.

Dette nettstedet er beskyttet av reCAPTCHA, og Googles personvernerklæring og vilkår for bruk gjelder.

Customer Reviews

Based on 1 review
100%
(1)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
a
aleksander

very good for carving and kindiling prep

Relaterte produkt


Nyleg viste produkt