Kletten Kebony
Kletten er Helle sin første eigenutvikla lommekniv. Kletten K tar det eit steg vidare, og introduserer Kebony som eit foldeknivmateriale.
Som med den ordinære Kletten i masurbjørk får du ein kniv som i låst tilstand føles som ein fast, liten sportskniv. Med eit kraftig blad i klassisk laminert stål er dette ein særs stødig turvenn som tek minimalt med plass i lomma.
Handtaket er derimot laga i kebony. Kebony er eit resultat av ein norskutvikla stabiliseringsprosess som både fører til at ein kan gi typiske europeiske tresortar ein meir stabil struktur, og samstundes ein mørk farge som gjer at det ser ut som eksotisk tre. Metoden nyttar plantebasert restavfall frå landbruket som stabiliseringsveske. Dette fører til eit særs bærekraftig produkt, og noko som vi er særs stolte av å nytte i knivane våre.
Mange plassar i Noreg har ein liten "klett" som dei lokale nyttar til dagsturar eller ettermiddagsturar. Det er nett slike turar og små kvardagseventyr Kletten er designa for. Det er kanskje difor den vart særs godt mottatt internasjonalt og mellom anna hamna på Gearpatrol si liste over beste nye knivar for 2020.
Kletten blir levert utan slire men med ei lærreim til å henge i beltet eller rundt halsen om ein ikkje vil ha den i lomma.
****
Detaljar | Kletten K |
Vekt | 84 g |
Stål | Laminert rustfritt trelagsstål - Helle |
Bladtjukkelse | 2,7 mm |
Bladlengde | 55 mm |
Konstruksjon | Foldekniv |
Skaftmateriale | Kebony |
Lengde handtak | 80 mm |
Sliremateriale | Ekte vegetabilsk lær |
Designer | Helle |
Designår | 2020 |