Wabakimi
Wabakimi er den til no siste kniven vi har designa saman med "Survivorman" Les Stroud. Med kraftig konstruksjon, tjukt blad og avgrensa størrelse er dette den ultimate kniv for den som går på dei litt lengre turane og pushar både seg sjølv og utstyret sitt litt hardare.
Kniven er - som sin storebror Temagami - konstruert med ei forsterka tange som går gjennom halve skaftet. Dette bidrar til både styrke og stabilitet. Bladet er festa i det solide masurbjørkskaftet med to nitar i messing, og har ein rørnite bakerst som ein kan feste ei reim i. Lengst framme på skaftet er det ein liten fingerstoppar.
Bladet i laminert rustfritt Helle-stål er relativt kort, noko som gir god kontroll på kniven og gjer at du kan bruke meir kraft der det trengst. Samstundes er bladet relativt tjukt - dette er ein kniv som er bygd for å tåle litt juling.
Kniven kjem med ei klassisk, djuptsittande slire i brunt vegetabilsk lær med belteoppheng.
Wabakimi er oppkalt etter eit av Les Stroud sine favorittområde i Canada.
*********
Detaljar | Wabakimi |
Vekt | 135 g |
Stål | Laminert rustfritt trelagsstål - Helle |
Bladtjukkelse | 3,0 mm |
Bladlengde | 80 mm |
Konstruksjon | Halvfull tange |
Skaftmateriale | Masurbjørk, messingnitar |
Lengde handtak | 115 mm |
Sliremateriale | Ekte vegetabilsk lær |
Designer | Les Stroud |
Designår | 2018 |